Skjema
- Deling av grunneiendom (KF-415)
- Egenerklæring om konsesjonsfrihet for bebygd eiendom med nedsatt konsesjonsgrense (KF-217)
- Fritak fra bo- og driveplikt (KF-147)
Driv du med verneverdig landbruk, har kulturlandskap, dyr på beite, eller produserer mat? Då kan du få produksjonstilskot for å sikre aktivt og berekraftig jordbruk.
Landbruksføretak
Landbruksføretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.
Føretak som berre søkjer tilskot til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 23.05.2023 09:15